Lokal matberedskap: Slik gjorde Firdaposten det
Kva skjer når tungtransporten med forsyning av matvarer til butikkane forsvinn, straumforsyninga bryt i hop og internett, TV og telefoni blir slått ut, spør Firdaposten.
Laila Borge
Journalist Arve Olav Solbakken har intervjua kommunens beredskapsrådgjevar, den lokale bondelagsleiaren og lokale bønder om matberedskap. Sjå sakene hans:
– Korleis skal folk greie seg i krisetider når vi ikkje har sikra matvareberedskapen i fredstid? (frå Kinn)
– Kriseplan for matvareforsyning? Nei, det har vi ikkje høyrt noko om (frå Bremanger)
Han har også henta utdrag frå ein rapport Statsforvaltaren i Vestland laga om matvareberedskap i 2025. Rapporten peikar mellom anna på den store avhengigheita av vegtransport som eit sentralt problem.
Firdaposten bruker tal og ekspertintervju frå Samarbeidsdesken sin researchpakke om bønder til å vise korleis landbruket i kommunen utvikla seg frå 2013 til 2023. På temasida om matens reise kan du også finne ut om det er slakteri, meieri og mottak av korn, egg og frukt og grønt i nærleiken. Kartet seier noko om kor langt maten må reise før han er klar for forbrukarane. Mange stader vil det raskt bli tomme butikkhyller dersom tungtransporten stansar opp.
Rapporten frå Statsforvaltaren i Vestland trekkjer fram tap av dyrka mark som eit langsiktig trugsmål mot sjølvforsyning. I denne SSB-tabellen kan du sjekke kor mykje dyrka jord som har blitt omdisponert i din kommune, og kva jorda har blitt omdisponert til.
I denne tabellen kan du sjekke kor stort areal som er planlagt nydyrka i din kommune.
Den aller beste jorda i Noreg ligg i stor grad nær byar og tettstader der det også er stort utbyggingspress. Sidan andre verdskrigen har om lag 1,2 millionar dekar dyrka og dyrkbar jord blitt omdisponert til annan bruk. Ein stor del av den jorda har vore eigna til matkornproduksjon.
Stortinget har vedteke ein nasjonal jordvernstrategi som betyr at kommunane må prioritera jordvern i arealplanlegginga. Dei siste åra har omdisponeringa av landbruksareal gått ned.