Samarbeidsdesken

God respons på saker om selvmord

Foto: Hilde Eika Nesje, Bø blad

Dei siste to vekene har Bø blad publisert fem saker om sjølvmord, og fleire vil kome dei neste vekene.

Sakene har vorte godt leste, også den reine statistikksaken. Allereie tre timar etter at dei første sakene var publiserte, fekk redaksjonen telefon frå ein mann som sjølv kunne vore del av statistikken. Han takka dei for at dei er med på å skape openheit om temaet, og kom med tips om kva som har vore verdifullt for han.

– Då følte vi verkeleg at vi gjer ein meningsfull jobb, seier redaktør Hilde Eika Nesje.

Sakene blir publiserte over tid, men har blitt samla i ein eigen rigg på framsida.

Bø blad har vald å spre sakene over litt tid, for at det ikkje skal bli for massivt i ei lita lokalavis. Dei har også vald å publisere sakene midt i veka og ikkje i helga, fordi det ofte er i helgene folk kan bli sitjande åleine med tunge tanker. 

Mørkt tema i ei lys tid

Redaktøren har skrive ein leiar om kvifor dei publiserer saker om eit mørkt tema nå i den lyse årstida:

«Mange trur at dei mørkaste tankane høyrer vinteren til. Statistikken fortel ei anna historie. Det er om våren og sommaren, når nettene er lyse og lokalsamfunnet blomstrar, at flest menneske vel å avslutte livet.

Når alt rundt oss smiler, blir kontrasten til det indre mørket endå råare. Einsemda blir tydelegare når alle andre samlar seg.»

Research frå Samarbeidsdesken

Tidlegare i vår publiserte Samarbeidsdesken kommunetal for sjølvmord fram til og med 2025.

– Eg synest Samarbeidsdesken er ei gullgruve, seier redaktør Hilde Eika Nesje.

Ho synest likevel det kan vere vanskeleg å finne tida til å grave i gullgruva. Denne gongen har dei fått det til takka vere god planlegging.

– Eg har veldig tru på planlegging, det er slik vi kan få til litt større prosjekt, seier redaktøren.

– Det treng ikkje ta meir enn ein halvtime, men før ein går i gang bør ein setje seg ned og bli einige om kva ein vil gjere, og lage ein plan for korleis ein skal få det til. Det kan for eksempel bety at ein skal lage ein sak i veka. Og så må ein setje av litt tid kvar veke, seier ho.

Ho ga ansvaret for sakene til journalist Veronica Irmelin Ellingsen, som hadde lyst til å jobbe med temaet. Ho har jobba med stoffet over fleire månader. Redaktøren sjølv har også følgt prosjektet frå veke til veke.