Samarbeidsdesken

Raskt ut i fast arbeid

Fast jobb betyr både tryggleik og god språktrening, fortel fleire av flyktningane som lokalavisene har intervjua i samband med Samarbeidsdeskens researchpakke.

To år etter at han og familien flykta frå Ukraina, har Andrii Holod jobb i Steinkjer kommune.

– Arbeid har uten tvil vært den viktigste veien til både språkutvikling og integrering, seier han til Steinkjer-Avisa.

Holod er ein av dei som har fått seg jobb etter å ha fullført introduksjonsprogrammet for flyktningar. Dobbelt så mange flyktningar går rett ut i jobb etter introduksjonsprogrammet, samanlikna med før krigen i Ukraina. Men det er store skilnader mellom kommunane. Viss du jobber i ei avis tilknytta LLA og Samarbeidsdesken, kan du finne lokale tal i Samarbeidsdeskens researchpakke

Der finn du også sitat og forslag til ulike vinklingar. Til dømes er mange i Nav bekymra for kva som vil skje med dei som skal starte jobbjakta no, når kommunane snart får mindre integreringstilskot. Det er nemlig kommunane som har dratt lasset, sjølv om det eigentleg er statlege Nav si oppgåve å skaffe folk jobb. 

Samstundes har det vore vanskeleg å få kommunane sjølv til å tilsette flyktningar, sjølv om mange kommunar skrik etter arbeidskraft. Holod har fått ein relevant jobb i Steinkjer kommune, men mange kommunar stiller så strenge krav til kompetanse og språk at det er vanskeleg for flyktningar å få jobb.

Les også Hardanger Folkeblad si sak om Vadym Tokar, Oleksandr Khoptynski og Viacheslav Bohun som var i jobb allereie før dei var ferdige med introduksjonsprogrammet. Alle tre er no i fast jobb hjå Thord Paulsen. Dei fortel at det å få jobb har gjeve tryggleik og ro. Arbeidsgjevaren skryter av dei tre.

Fleire saker basert på Samarbeidsdeskens researchpakke:

Nyss: Store skilnader lokalt

Askøy24: Færre flyktninger, men halvparten går rett ut i jobb

Firdaposten: Kinn slår naboen på integrering – men snart kjem det utfordringar

Oppegård avis: Nordre Follo med gode flyktningetall

Bladet Tysnes: Fire av ti flyktningar gjekk rett ut i jobb